Krasp, regionmøtet

KRASP

Misjonssambandet nordvest sine to aspirantkor for 5.-8. klasse

KRASP (KRinsASPirantkor) er eit flott leir- og kormiljø for deg som bur i Møre og Romsdal.  KRASPnord samlast på Vestheim Ungdomssenter, Vestnes.  KRASPsør har sin «leirstad» på Møre barne- og ungdomsskule, Herøy.  Vi har fire øvingshelger i året, på ei av dei er kora ilag. Alder: 5.-8. klasse

Jesus, vennskap, god mat, misjon, leik og korsong er gode stikkord om eit kristent miljø for unge ungdommar som hadde start i 1989 - og framleis lever!

Øvingshelger 2022 - 2023:                                                                                              23.-25. september, 4.-6. november (KRASPnord) 11.-13. november (KRASPsør) 10.-12. mars og 12.-14. mai (felleshelg)

Påmeldinga er no dessverre stengt. Det er lite truleg at vi får plass til fleire på septemberhelga. Etter den helga vil vi sjå om det er mulig å ta inn fleire. VENTELISTE: Send namn, fødselsdato, adresse + namn og mob.nr. føresett til nordvest@nlm.no. Skriv om det gjeld KRASPnord (Vestheim) eller KRASPsør (Møre, Herøy) Vi gir første tilbakemelding seinast mandag 19. sept.

Infoflyer KRASP

Adresse

Misjonssambandet nordvest, Spjelkavikvegen 132, 6010 Ålesund