Når Marianne skal slappe av tar hun seg ein sykkeltur. Her er ho med i ein sykkelkonkurranse,som kanskje ikkje er det samme som ein avslappa sykkeltur

Blir hissig av trafikken i Peru

UTSENDINGEN: Bli betre kjent med Marianne i Sør-Amerika

 

Marianne Thormodsæter

Alder: 27 år

 

Kvar: Arequipa, Peru

 

Hovudoppgåver: Høgskulelektor, medvandring og kursing

 

Sivil status: Forlova med Svein Harald

 

– Kor lenge har du budd i Peru?

Eg kom til Peru hausten 2016 og har difor straks vore her i tre år.

 

– Kvifor flytta du til Peru?

Tre grunnar; eg ville tene Gud, eg ville bli misjonær, og NLM spurte meg om eg kunne reise til Peru for å jobbe på det teologiske seminaret.

 

– Kva er dei største skilnadene på Peru og Norge?

Ein hovudskilnad er at kvar dag i trafikken er ein kamp for tilværet. Eg har blitt påkøyrd eit par gongar og er redd for at det skal skje igjen. I Peru køyrer dei fleste utan å tenke på mjuke trafikantar, reglar eller ordforråd. Eg byrjar å bli vant til det, men har vel aldri i mitt liv vore så hissig som eg blir av trafikken her.

 

– Kva held du på med denne veka?

Denne veka er ganske vanleg her i Arequipa; eg underviser i hermeneutikk (fortolkingslære) på det teologiske seminaret og har ein del medvandring med jentene som går her, og undervisning av tre peruanske misjonærar som skal sendast til Colombia. På sundag var det misjonærvigsle og kyrkja sender no sine første misjonærar. Stas!

 

– Kva er planane framover?

Målet er å få studentane gjennom undervisninga fram mot semesterslutt i slutten av juli. Så er me òg inne i ein prosess der målet er å bli offentleg godkjent høgskule i Peru. Dersom det går blir me den første evangeliske høgskulen der det er mogleg å få seg ein grad i teologi. Så no les eg fagplanar og set meg inn i ting!

 

– Kva bruker du å gjere når du skal slappe av?

Då tek eg meg ein sykkeltur. Med deilig musikk på øyra syklar eg opp i fjella eller langt ut av Arequipa. Då kan eg nyte naturen og berre vere til!

 

– Er det eit bibelvers du er spesielt glad i?

1 Tim 3,16: «Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort. Han vart openberra i kjøt og blod, rettferdiggjord i Anden, sedd av englar, forkynt mellom folkeslag trudd i verda, oppteken i herlegdom.»

 

– Er det noko som har gledd deg spesielt i det siste?

Det at eg skal gifte meg med Svein Harald Lindtjørn i september gjer meg ganske glad. Og at Svein kjem ut og at eg kan få lov til å stå i tenesta her ute saman med han.