Kopp med tekst: What good shall I do this day?

Ikkje med ord åleine

Ein skulle tru at der mykje næring kjem inn og vert samla opp, der er det mykje liv. Men nei, Dødehavet er dødt fordi vatnet ikkje går ut att, det kjem inn og stoppar der. Me går på møte og får mykje inn, men stoppar det der? - eller går det ut att?

Som lutheranarar er me godt kjende med Paulus sine ord om «ikkje av gjerning, men ved tru». Det er ikkje gjerningane som frelser oss, det er trua på Jesus Kristus. Samtidig er Jakob, Jesu bror, like tydeleg på at «tru utan gjerningar er ei død tru».   

Dei første kristne praktiserte ei dagleg hjelpeteneste, der dei som trong det, fekk hjelp. Etter kvart vart behovet så stort at hjelpa vart sett meir i system, og dei utnemnde diakonar, som fekk dette som fast oppgåve (Apgj 6). 

 

Lita hjelp betyr mykje 

Hjå oss har det offentlege tatt over mykje av det som før var kyrkja sitt diakoniarbeid. Men la oss ikkje la det verta ein sovepute. Om det ikkje alltid er like synleg, så er det mange rundt oss som treng hjelp av ulikt slag. Det kan vera praktisk hjelp til handling, vasking, maling, hagerydding, el.l., eller det kan vera behov for ein å drikka kaffi saman med, eller eta middag og prata med, eller gå ein tur med. Ofte handlar det ikkje om vanskelege oppgåver, men om å ta eit initiativ, og finna kvarandre. 

Som dei to pensjonistdamene med kvar sine utfordrande liv. Det var vanskeleg å finna seg til rette i smågrupper. Diakonen i forsamlinga vart merksam på dei, og inviterte dei saman til ein varm lunsj. No møtest dei tredje kvar veke til ein god lunsj, og damene får både mat, prat og fellesskap. 

Kva nød ser du rundt deg? Er det andre som ser den same nøda? Kan de gå saman om å gjera noko? 

Kva kan du gjera? Og kva kan fellesskapet ditt gjera? 

 

Satsingsområde

Eit av dei sju punkta i strategien vår heiter «Elsk nesten din», med underteksten «Me vil visa diakonal omsorg og gjestfrihet». «Dela trua gjennom handling,» er ein annan måte å seia det på. Dette ønskjer me skal prega alt arbeidet vårt, i smågrupper og forsamlingar, på bedehuset og i lokalmiljøet. Frå regionen si side vil me løfta dette høgt i tida framover. Me håpar du vil ta det med til ditt vesle og store fellesskap og setja det på dagsorden der og.   

Jente hjelper gut på beina
Diakoniheftet:Forslag til 20 praktiske handlingar Unsplash

Som ei lita hjelp til å sjå kva som kan gjerast, er det laga eit lite hefte med 20 forslag til enkle diakonale handlingar. Last det ned her, eller be om å få det som papirhefte. Følg også gjerne med på fellesskapsressurssida vår, der finn du meir om diakoni (punkt 3) (i tillegg til 1. Nå nye og 2. Smågrupper)