Montering mange meter høgt vindu

Du kan hjelpe Sygna å spare straum

Sygna har bytt to store vindauge på skulebygget for å spare straum. Dette er ei god investering, sjølv om det kostar.

To store originale vindauge frå 1950-talet er borte. Desse heldt veldig dårleg på varmen. No er to nye vindauge på plass.

Skulen er sikre på at dette er ei god investering. Samtidig er dette store vindauge – og prisen for å byte dei er 299.000 kroner.

Storleiken på dei to vindauga til saman tilsvarar 388 A4-ark. No kan du vere med og hjelpe Sygna med å betale vindauga ved å gi ei gåve tilsvarande eitt A4-ark. Prisen for ei slik rute er 773 kroner.

Om 388 menneske gir 773 kroner, betalar bytet av vindauge seg allereie frå i vår. Det vil vere til stor hjelp for skulen.

Kan du tenkje deg å gi ei A4-rute?

Ei A4-rute: kr 773,-

Ei A3-rute: kr 1546,-

Slik kan du gi:

  • Vipps: 85687. Merk med namn og A4
  • Kontonummer: 8220 02 90395. Merk med namn og A4
  • På Sygna si heimeside kan du gi ein eingongssum eller bli fast givar