Ledere i bf. Glomset

God basarstemning på Glomset

Den vesle vakre Glomsetbygda ligg ved Storfjorden mellom Magerholm og Valle. Her har det vore drive barneforeining for misjonen i over femti år.

Annankvar tysdag samlast borna i bedehuset til aktivitetar og andakt. Medlemstalet har nok svinga litt opp og ned. Dette året samlast åtte born saman med dei tre leiarane.

Stor basar og mykje snø

Tysdag 14.mars hadde barneforeininga planlagd basar i bedehuset. Det vart ein av dei verste snødagane på lange tider. Mykje snø og glatte vegar. Ville det kome folk under slike forhold? Den tilreisande andaktshaldaren hadde sin tvil. Det var så mykje snø at ein reserveinngang til bedehuset måtte nyttast.

Men då tida for basaren kom var bedehuset heilt fullt av folk. Vaksne og born i alle aldrar. Så vart det song av Valle barnekor frå nabobygda. Det vart delt frå Bibelen om «koparormen i øydemarka» og om Nikodemus som snakka med Jesus. Og så var det matpause, med rikeleg av godsaker til alle.

Bordet med gevinstar var stappfullt. Når loddsal og trekning var over, og gevinstbordet tomt, trur eg alle i forsamlinga hadde vunne noko. Heile 12000 kroner kunne no sendast til «barnas misjonsprosjekt» i Austafrika.

 Dei tre leiarane

Det som midt i alt gjer sterkast inntrykk, er dei tre damene som driv denne barneforeininga. Dei har stått i dette arbeidet år etter år. Dei gjer det fordi dei er glade i borna, og vil at dei skal få høyre frå Bibelen og lære Jesus å kjenne. Ikkje er dei slike som stikk seg sjølve fram og søkjer takk og applaus. Men tenesta dei gjer er verdsett i himmelen. Det skulle den også vere her på jord. Det dei på sin måte er med å så i barnehjarta, vil Herren drage omsorg for at skal spire og vekse.

Leiarane er frå venstre; Britt Holmberg, Gerd Marie Aspehaug, Marie Tjelle Blindheim