Peder Berge på GF

GF's eldste deltakar!

Peder Berge var truleg eldste deltakar på GF. Han har fylt 101 år.

Han bur på Kvalvåg i Strand kommune og kom til GF saman med dottera Sissel og svigersonen Malvin.

Det er ikkje første GF han er med på, men dette er den første der han treng ekstra «skyss» på stemneområdet, han tek seg fram med rullestol.   Det er eit stort stemneområde så skyss i rullestol er godt å ha. Eit aktivt liv med fysisk aktivitet og sundt kosthald med mykje makrell og fisk på menyen er tips han gir oss.

«Det viktigaste er å ha Jesus i hjarte», seier Peder  «før var eg redd, men når eg vart ein kristen så vart eg trygg og fekk fred»