Barn leikar med eple

Frivillig på GF?

GF er langt ifrå berre for vaksne og møteglade folk. GF er for alle aldrar. Så langt er over 800 barn påmelde. Desse kan gle seg til eit flott program og eigen, stor hall å vera i på det same stemneområdet.

GF er i høgste grad også eit arrangement for barn og unge. Særleg dei tre dagane med forhandlingar vert det arrangert ulike aktivitetar for barn og unge parallelt, både i aktivitetshallen og ute i naturen. Fotball, kor, sparkesykkel i skateanlegget, dans og drama, sjakkturnering, spela i band, foto, klatrestativ, gaming, brettspel, video – muligheitene er mange og varierte, både for barna og dei som vert med som leiarar. For alle desse flotte barna treng leiarar å vera saman med.

 

Til saman trengst det over 500 frivillige for å få heile GF til å verta det flotte arrangementet me trur det vil verta. I tillegg til å vera saman med barn og unge, trengst det nokon som er vakter, andre som er i resepsjonen, helsearbeidarar som kan vera med i helseteamet og hjelp til ulike praktiske oppgåver. Så her er det nokon for ein kvar.

 

Nokre oppgåver er kortvarige (særleg av praktiske oppgåver), andre går over ca 4 timar (vaktordning). Ein kan vera med ein gong eller ta vakter fleire dagar. Muligheitene er mange.

 

 

Kompensasjon

Litt etter kor mykje du jobbar, kan du få kompensert for noko av utgiftene ved å vera på GF. Ei normal vakt er rundt 4 timar. Ved å ta ei slik vakt, vil du få matbillett for vaktperioden. Jobbar du over 5 timar på ein dag (f.eks ei dobbelvakt), får du dekka dagspass for den dagen og mat i vaktperioden. 

 

Særleg i barne- og ungdomsopplegget (onsd-fred) er det fint om du kan vera med alle tre dagane. Gjer du det (over 20 timar jobbing), vil du få dekka heile arrangementet.

 

Les meir om frivilligoppgåver her.

 

Påmelding til frivilligteneste

 

Påmelding til GF

 

Video – tre som har meldt seg som frivillige