Samtale mellom to på scena

Inspirerande og utfordrande regionårsmøte

Inspirerande og utfordrande er to ord som sit att frå regionårsmøtehelga. Sola skein ute, og folka smilte inne. Det var godt å møtast igjen etter to år på skjerm.

Når me kjem ein stad, skannar me folka og ser kven som ikkje passar for oss, og kven me tenkjer me kan vera med. Slik var ikkje Jesus, han møtte alle. Dette var noko av det me vart utfordra på gjennom helga.

 

Eitt av fleire parallelle samlingar fredag kveld var seminar med Paul Odeh, leiar for Internasjonalt Kristent Fellesskap i Stavanger. Han snakka om «møte med menneske – med Jesus som forbilde». Der delte han eigne erfaringar med varme og humor, om korleis han sjølv har vorte møtt, og korleis haldningar og relasjonar endra seg når han vart «Paul» i staden for «utlendingen».

 

Utifrå forteljinga om Jesus og den samaritanske kvinna (Joh 4), talte også Erika Vestre om dette. Jesus møtte kvinna på ein vennleg måte og inviterte til å snakka sant om liv og tru. Det førte til vekking i landsbyen, og mange kom til tru.

 

Barn i leikepart
Eige opplegg:Barna hadde sitt eige program Cathrine Kvamme Leite

Årsmøte

På sjølve årsmøtet var også nokre med på Teams, i tillegg til dei som var i salen. Dei fleste røysta via telefonen og appen GoPlenum, noko som gav eit raskt oppteljingsresultat. Nokre var skeptiske til dette på førehand, men etterpå var det berre godord å høyra. Dette var ein test, sidan den skal brukast på GF. Samtidig fekk alle som ville, bruka dei kjende papirstemmesetlane. (Sjå eiga sak for valresultatet)

 

Fredrik Ree, pastor i Tremorkirken, innleia til samtalen om arbeidet ut frå det «å nå nye menneske i fellesskapa våre, kva inneber det?» Alle ønskjer å vera inkluderande, men er me det? Han framheva fire spørsmål:

 

Viktige spørsmål

- Er me opne for å ta imot nye menneske inn i fellesskapa våre? Om/når nye menneske kjem, vil det bety veksesmerter i form av endringar.

- Har me rom i våre eigne liv for å ta imot nye menneske og inkludera dei i liva våre? Vil nye som kjem, kjenna seg velkomne, og vil dei koma tilbake fordi dei vart sett og inkludert?

- Trur me at evangeliet er gode nyheiter for menneska rundt oss? Eller trur me at dei ikkje vil ha det me har? Svaret gjer noko med haldninga vår til folk rundt oss. Trur me at Anden kan gjera det same i livet til våre naboar og kollegaer som han har gjort i våre liv?

- Har me forventingar til Guds verk? Er fellesskapet bevisst på å vera eit inkluderande fellesskap? Det vil gjera noko med språket me brukar, og at me har inkluderande smågrupper. Det kostar å få nye. Ting må forklarast meir frå talarstolen, for ikkje alle kjenner det mange veit.

 

Bevisst leiarskap

Å vera leiarskap handlar om å anerkjenna det som bygger for ein inkluderande kultur og ta eit oppgjer med det som bygger mot den. Hans erfaring var også at dei som ikkje er med i smågrupper, snart fell vekk, medan dei som er med, blomstrar og brukar gåvene sine.

 

Etter litt tid med samtale i små grupper i salen og på nettet, var det samtale i plenum. Der vart det m.a. takka for eit godt tilrettelagt årsmøte, og det vart reklamert for ulike aktivitetar og tenester.

 

«Eg kjenner ingen…»

Det var også ei som fortalte frå eit møte med ein kollega, som uttalte at «eg kjenner ingen som fortel meg om trua si». Kanskje er det nokon nær oss som ventar på at me skal fortelja dei om trua vår. Forkynning og nød er viktig, men me treng ikkje venta til me får nød, sa ein annan.

 

Andre framheva smågrupper og at me kan oppnå mykje gjennom dei som me ikkje oppnår gjennom dei større fellesskapa. Kanskje skulle me hatt ein bevisst plan for korleis arbeida betre med smågruppene våre.

 

Også vennskap vart trekt fram og det gode med å be saman med andre. Og kor mykje det betydde for dei unge som kom til ein ny plass å verta invitert til middag av nokon i forsamlinga. Eller dei som ikkje har barn eller er ferdig med småbarnsperioden, at dei gjerne må spørja om dei kan vera barnevakt slik at foreldra kan gå på møte, eller ta andre sine barn med på barn/vaksne-leir.

 

Storebror?

På avslutningsmøtet søndag formiddag talte Fredrik Ree over likninga om dei to bortkomne brørne i Luk 15. Det er lett å sjå at veslebroren var bortkomen. Men også storebroren var det, der han gjekk heime og slava for far sin, og trudde at det var det far forventa av han. Men Guds farskjærleik er uavhengig av våre gjerningar, og han ønskjer å setja oss fri frå alt vårt strev.

Nasjonalt