Kor Herrleg

Kor Herrleg

Eg fekk gleda av å vere på misjonsmøte på Vatne bedehus saman med mannskoret Kor Herrleg.

 Dei gledde forsamlinga med fin song i god klassisk stil. Namnet Kor Herrleg assosierer til mange ting. Først og fremst til det å formidle evangeliet i ord og tonar, men også til gleda over musikken. 

"Vi likar å syngje og å ha musikalske utfordringar. Det er givande å formidle kristne songar og salmar til glede for folket og til styrking av tru og teneste", seier dirigent Ole Magne Slyngstadli. "Vi vel songar med gode tekstar og med arrangement som passar mannskor. Og om ein song ikkje passar heilt for vårt kor, så har nokre av medlemane omarbeida arrangmentet slik at det passer oss.

Øvingane er oftast på Vatne bedehus, men dei 12 medlemane i koret kjem frå eit større geografisk område, og frå ulike kristne samanhengar. Det er mange som spør etter dei, og dei er ofte ute på songoppdrag både på bedehus og i kyrkjer. Vi er stundom litt reduserte, slik som i dag. Det er ikkje alltid mogeleg kvar gong å samle alle medlemane.

«Det er plass til fleire songarar i koret, så det er berre å ta kontakt med oss» seier dirigenten.