Japanmisjonærer

Familien Barlaup til Japan

Han såg at misjonen lyste ut stilling som ungdomsarbeidar i Japan og sende spontant søknad før han hadde snakka med kona. Men ho ville vere med (!) og no går dei og ventar på visum.

Kona heiter Solveig (født Ekornes Håskjold), er 27 år og kjem frå Ikornnes. Øyvind Barlaup er født i Bolivia, er 30 år og har vakse opp på Aure på Nordmøre.  Guten deira, Iver, vart fødd 31. oktober.

Solveig har arbeidd to år som fagsjukepleiar, men er no i mammapermisjon fram til utreise. 

Øyvind er utdanna lektor og kjem frå jobben som kontaktlærar for 8. klasse ved Ryenberget skole i Oslo.  Der har dei vore aktive i menigheta til Det evangelisk lutherske kirkesamfunn (DELK). Øyvind har gjort «en fremragende innsats med oppstart av ungdomskveldene i Ryenberget menighet» skriv dei på sidene sine. Dei reiser som utsendingar for DELK og skal gjere teneste i Misjonssambandet. 

Onsdag 28. juli fekk vi møte familien Barlaup på bedehuset i Sykkylven.  Japanforeninga inviterte til eit treff der utsendingane kunne fortelje si historie, fleire kunne sende med dei gode ord og vi fekk be for familien. Initiativet kom frå Reidun Kjerstad Eidem, som også leia.  Vi som var der vil kalle det ein misjonsfest med mykje glede og takk.

Solveig fortel at ho vart ein kristen då ho gjekk på Vestborg.  Samtidig kjenner ho på takk for tida i barnekoret i Ikornnes-kyrkja og i barneforeninga.  Nokre av leiarane var tilstades på treffet.  Sidan gjekk ho på bibelskulen på Fjellhaug i Oslo, der ho møtte Øyvind. 

Øyvind på si side fortel at planane hans for livet vart heilt endra då han som 18-åring fekk melding om at ein kamerat hadde teke livet sitt. Det skjedde på grunn av mobbing.  No ville Øyvind utdanne seg for å arbeide med ungdom. Og slik gjekk det.  Så skjer det for omtrent eit år sidan at han sit heime i Oslo ein dag og ber slik til Gud: «Skal vi fortsette her?  Er det her du vil ha oss?»  Berre 10 min etterpå ser han ein annonse frå misjonen på Facebook: «Vil du til Japan?»  Det er då han sender søknad før han får snakka med Solveig! 

Men Solveig vil altså vere med og tida på Fjellhaug gjorde henne også meir kjend med misjonen.  I Japan skal dei bu i Itami, mellom Osaka og Kobe, i ei leilighet i kyrkja.  Først blir det 2 år språkstudium, så ønskjer kyrkja og misjonen satsing på ungdomsarbeid.  No har dei fått arbeidsløyve, men ventar framleis på visum.

- Somme seier vi er modige som reiser til Japan, seier paret på slutten av treffet.  - Vi for vår del trur det trengs like mykje mot for å stå fram som kristen i Norge.  Øyvind får høyre det frå ungdommane på Ryenberget.  Og Solveig møter også dei som syns det er rart at ho trur på Gud.  Kanskje har dei på kvar sin måte fått ein bakgrunn som har utrusta dei til å vere vitne. 

- Eg trur eg vil prøve å vere audmjuk og møte folk med respekt, seier Solveig.

---------------------

Utsendingar frå Region nordvest i Japan pr i dag: Ingebjørg Hildre, Kristin og Christoffer Nævdal med borna Filip, Selma og Emilie - og Karoline og Marius Bergersen med borna Aron Isaiah og Adina

Familien Barlaup og Agnes
Ole Audun Os