Tryggheim-elevane på Vg2 studiespesialisering sprang i Hanabergmarka i Hå kommune under årets misjonsløp.

Sprang inn 850.000 kroner

Over 500 elevar og lærarar på Tryggheim vgs på Jæren løpte for Vest-Afrika.

Tryggheims misjonsløp er eit årleg arrangement der elevar og lærarar spring inn pengar til skulen sitt innsamlingsprosjekt. Vanlegvis går løpet føre seg på skuleområdet, men på grunn av smittesituasjonen måtte klassane spreie seg då årets utgåve blei arrangert måndag 26. april. I løpet av to klokketimar sprang elevane klasse- eller trinnvis ulike plassar på Jæren. Resultatet blei på heile 850.000 kroner.

I år er Norsk Luthersk Misjonssambands arbeid i Vest-Afrika Tryggheims misjonsprosjekt. Innsamlingsaksjonen skal støtte evangelisering og bistand i Elfenbenskysten og Mali. Landa har vore og er prega av uro og konfliktar. Ein stor del av befolkninga kan ikkje lese og skrive, og mange av innbyggarane har ikkje høyrt om den kristne bodskapen. Årets misjonsprosjekt gjer at fleire folkegrupper får høyre om Jesus, barne- og ungdomsarbeidet får støtte, og livsvilkåra i landa blir betre gjennom lese- og skriveopplæring og jordbruksprosjekt.