Jorunn Hamre på talerstolen (arkivbilde)

Hilsen fra Jorunn Hamre

Etiopiamisjonær Jorunn Hamre fra Kvinesdal er i full gang med avskjedrunden før heimreise til Norge. Men det er mange som vil ta farvel, så tiden går.

Jorunn Hamre hadde 29. mai en kontakt med Ketil Fuglestad, og han referer litt fra det Jorunn hadde å fortelle om hennes opplevelser den siste tiden:

«Jorunn Hamre sa på telefonen i kveld at ho vonar å reisa frå Shakisso onsdag 10. juni. Men det kjem folk kvar dag seier ho, som vil seia farvel. Midt i rydding og pakking feira ho 89 års dagen sin på tirsdag denne veka, 26. mai. Asbjørn Aavik skriv i ei av bøkene sine at ho blei fødd på tirsdag, 26. mai 1931. Fødselsdagen feira ho i huset der ho bur i Shakisso og til selskapet hadde ho bedt inn alle vaktmennene. Ein del av det ho kvittar seg med gir ho til dei fattige, og eg kan tenkja meg at dette var ei gruppe som gjekk glade heim igjen. Elles har det visst gått greitt med det ho vil selgja.

I går hadde Jorunn hatt ein evangelist på besøk som arbeider i Harakallo området. Då eg kom dit fyrste gong i 1987 var det 10 kristne, sa Jorunn. Evangelisten fortalde i går at no var det 30 kyrkjer og ca 20.000 kristne. Ho fortalde også at Tjatjo som var besett av 100 vonde ånder framleis går omkring saman med evangelisten og fortel om korleis han blei fri frå alle dei vonde åndene og korleis han blei frisk. Det er mange som kjem til tru på grunn av Tjatjo sitt vitnemål.

 

Evangelist Tjatjo (arkiv)
Evangelisten Tjatjo (arkiv):Evangelisten Tjatjo (arkiv) Jorunn Hamre

 

I morgon (30.05.20) kjem synodepresidenten og då skal alle ting som høyrer til den nye kyrkja overleverast kl 14.00 til det nye Eldsterådet. Jorunn vonar det vil gå bra. Nå står maisen fint i området og på omlag ein månad kan dei begynna å hausta, det er ho glad for. Ho høyrer ikkje om nokon koronapositive i området.

Jorunn helsar med Salme 5, vers 12 og 13: «Men alle som søkjer tilflukt hos deg skal gleda seg, alltid skal dei jubla. Du vernar dei. Dei frydar seg i deg, dei som elskar ditt namn. For du Herre velsignar den rettferdige, du dekkjer han med nåde som skjold.»

Jorunn sa i kveld: Eg vil prøva å koma heim i løpet av juni.