Bibel

Annonsér!

Luk 24,45-47 Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene, 46 og han sa til dei: "Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47 og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem.

Både omvending og tilgjeving for synd er høgst etterspurt i vår tid!

Omvending betyr å få eit nytt sinn, og få ei ny forståing av verda og sitt eige liv. Det er mange som er på leiting etter nettopp det, men er ikkje klar over at Bibelen tilbyr det til menneska. Derfor ber Jesus oss om å forkynne dette, eller som det står, rope ut tilbodet om omvending og tilgjeving for synd.

Tilgjeving for synd er påskas hovudbodskap. Korset og den tome grava er dei sterkaste vitnemål om at det er tilgjengeleg for alle menneske.  Ved å tru at Jesus døydde for syndarar, er dine synder og di skuld tilgitt. Uretten og gjelda di er oppgjort. Du kan gå vidare og vite at dei er ute av verda, og at du er fri og frelst.