personalet på skolen

Vestborgstyret møter personalet

Ansatte på Vestborg får møte styret for skulen

Kvart år i januar er det fast at styret har fellesmøte med personalet. Torsdag var det samling på Vestborg.

Temaet denne gongen var rekruttering. Styreleiar Alfred Reitan var nøgd med tankane som kom fram.

- Det var interessante argument som kom fram, og styret fekk nye tankar å ta med seg vidare. 
Det er noko han også har opplevd tidlegare år.
- Styret har tidlegare jobba vidare med punkt som har kome fram på desse møta. Personalet er styret sine auge og øyre, så det er viktig for oss å lytte til personalet sine erfaringar. 
Rektor Håkon Hovda ser også verdien av å samle styret og personalet.
- Det er veldig viktig å dra i same retning. Ei slik samling er med på å skape nærleik til kvarandre. Vestborg er ein skule med mange sterke sider. Kveldens tema var korleis vi kan nå ut med denne bodskapen i endå sterkare grad. Eg opplevde vi hadde ein nyttig og fin samtale rundt denne utfordringa, seier Hovda.