Glade ungdommer i ribbevegg

Endeleg: Sommartreff Sygna

Er du (eller nokon du kjenner) for ung til å vera med på UL? Fortvil ikkje. No kjem Sommartreff til Vestland.

Nesten ei veke, frå måndag 22. til fredag 26. juni, vil Sygna verta fylt opp av 13-16-åringar, til allsidige dagar, med Jesus, vennskap og aktivitetar i sentrum. Alt dette kan du gle deg til:

1. Gled deg til ei lita veke på Sygna. Få stader i Norge er like vakre som Balestrand, og må difor opplevast.

2. Gled deg til leikne aktivitetar! Paintball, fotball, bading, vannski, fjellturar og kreativ verkstad er noko av det du kan velje mellom.

3. Gled deg til gode møte, lovsong, fellesskap, undervisning og ikkje minst gode samtalar.

4. Gled deg til matservering på dagen og grillmat på kvelden. I kiosken finn du brus, chips og masse is. Nam.

5. Gled deg til å få nye vener. Kanskje ein, to eller ti?

6. Gled deg til å møte alle leiarane som er her for deg. Vi gler oss meir enn kjempemasse til å treffe deg.

Altså:

- Leiren for alle mellom 13 og 16 år (8. klasse til og med 1. vgs)
- Frå måndag 22. til fredag 26.juni
- Påmeldinga opnar 1. april 2020

Følg oss på instagram: @sommertreffsygna
Eller lik facebooksida (Sommartreff Sygna) og inviter med fleire

Vil du ha meir info? Sjekk ut og følg med på
https://www.nlm.no/arbeid-i-norge/nlm-ung/arrangementer/sommertreff/sygna/forside