Sygnaeleven Nils-Ola Standal har mellom høge fjell og djupe fjordar i Sogn funne retninga på livet

Fann det han lette etter

Dagane er kortare. Snøen krabbar lenger ned i fjellsidene. Fjordlandskapet skiftar drakt. Det same har på mange måtar Nils-Ola Standal (17) gjort.

Eigne bein

– Eg har fått ein heilt annan ro i kroppen og er tryggare på meg sjølv, seier Nils-Ola Standal frå Åsane. For vel to år sidan tok han eit val han ikkje angrar på i dag. Han valde Sygna vidaregåande skule i Balestrand som neste stoggestad.

– Eg hadde lyst å bu på internatskule og ønskte å stå litt på eigne bein, seier Nils-Ola Standal. Han kom til den kristne internatskulen i Balestrand utan å vera kristen.

– Eg har kristne foreldre og har vore med dei i kyrkja i heile barndomen, og har såleis hatt mi barnetru, forklarer han. Men etter kvart som åra gjekk, mista han meir og meir trua. Då han starta på ungdomsskulen,  brukte han få kaloriar på nettopp dette.

– Eg søkte spenning i andre miljø, fortel han ærleg.

Tomrom

Melodien var den same då han starta på skulen i Sogn, som har utsyn over der Sognefjorden er på sitt breiaste.

– Etter fleire år med festing og alkohol, følte eg meg tom. Det gav ei kortvarig lukke, men ikkje noko meir. Eg var usikker på meg sjølv, seier han.

Sakte, men sikkert endra dette seg.

– Sygna har på mange måtar vore ein augeopnar for meg, fortel han. Då han kom tilbake i 2. klasse fekk han gode vener i det kristne miljøet, og han oppsøkte torsdagsmøte og andre arrangement som skulen og miljøteamet arrangerer.

– Eg har no funne mi tru, og har teke eit sjølvstendig val. Det kjennest godt, seier 17-åringen.

Tryggare

Han har funne si rolle, og er tryggare i kvardagen.

– Eg går meir på møter og oppsøkjer det kristne fellesskapet her på skulen. Eg les også i Bibelen, og prøver å leve etter dei verdiane som står i der, seier Nils- Ola Standal, som er russ ved skulen til våren.