Tegninger av Vestheim

Nytt fra Vestheim

Oppstart på bygging av nytt inngangsparti på Vestheim

Som nok mange alt har registrert har det ei stund vore arbeidd med planlegging av nytt inngangsparti på Vestheim.  Midtpartiet av hovudbygget er ein del av det opprinnelege bygget frå nitten seksti. Toppen av denne delen som utgjorde det første internatet, vart fjerna først på nittitalet. Første etasjen som først inneheld kjøkken og matsal, har sidan utvidinga i nitten syttiseks vore garderobe, toalett, kiosk, kontor og lager.

No skal denne delen få ei sårt tiltrengt oppgradering. Det blir i tillegg bygd på litt utover plassen framfor dagens inngang.

Styret tok kontakt med tre firma og ba om tilbod.  Valet fall på Vestnes bygg.  Dette er som namnet tilseier eit lokalt firma.  Raymond Falch og Odd Helge Bakken, leiarar i firmaet er begge aktive medlemmar i Vestnes Misjonsforsamling.

Basar på Vestheim

Laurdag 27 april var dagen for den første Vestheimbasaren.  Frå klokka to  og utover var det sal av rømmegraut, pølser og kaker. Folk kosa seg rundt borda og praten gjekk livleg. Etter eit par timar var det tid for sjølve basaren.  I tillegg til godt gammaldags åresalg, hadde vi besøk av ungleiar Geir Henning  Tunheim som held andakt.  Frå Kristiansund kom utflytta vestnesing Solfrid Elin Sævareid Barlaup som gledde oss med song.

Det hadde vore sendt rundt basarbøker til vestheimvener på førehand. Totalt kom det inn i overkant av sytti tusen kroner til Vestheim.  Det er det all grunn til å takke for.  Vi håper  vi kan ønskje velkommen til ein ny basar for Vestheim til neste år.