Utsendinger i Afrika

På besøk i Elfenbenskysten

På besøk hos datter Sigrid Lise Lindseth

I slutten av april fikk vi glede av å besøke Sigrid Lise som er eittåring i Abidjan i Elfenbenskysten. I tillegg fekk vi tatt tur med fly og bil nordover i landet og fekk sjå misjonsarbeidet på nært hold fleire plassar. Og vi må sei at vi er stolte av å ha slike flotte utsendingar! Dei står midt i mange utfordringar og i ein kultur/eit klima som er langt i frå vår kvardag her i Norge.

Vi fekk treffe både misjonærar og nasjonale medarbeidarar, og fekk med oss møte/kurs om bibeloversetting til mahou-språket. Det var interessant å høyre korleis dei tenkte om å nå ut til mahou-folket, og få innblikk i korleis misjonærane arbeider.

Spesielt kjekt var det å treffe Soili og Jan Magnus igjen. Vi fekk vere med dei heim og overnatte på misjonsstasjonen, vere med på bønnemøte, treffe nokre av landsbyens innbyggarar og sjå oss litt omkring. Ann Helen og Oskar har og vore på plassane vi var og fleire lokale huska dei, og bad oss helse.

Vi sit igjen med veldig mange inntrykk, og vi kunne ha skreve mykje både om land og folk. Kjekt å merke at det kristne felleskapet går over kulturforskjellane, som vi har lett for å sjå.

Så skulle vi helse så mykje til misjonsfolket heime både frå Sigrid Lise, Soili og Jan Magnus!

Til slutt må vi få sei at vi må huske på å be for våre søsken, at dei må bli bevart og grunnfesta i trua.