Frå venstre Rønnaug Altin, Åsa Wang, Anni Strøm og Gunhild Osen

"Den minste kvist" feiret 70 år

I år er kvinneforeningen "Den minste kvist" i Namsos 70 år. Det vart markert på foreningsmøtet 25. februar.

I 1949 var det fire kvinner som var einige om å danne ei «syforening» for misjonen. På foreningsmøta var det andakt, song og handarbeid. Kaffi høyrde sjølvsagt med.  Det vart også sendt rundt ei misjonsbøsse der dei fekk gje si gåve til misjonsarbeidet.

Vi kan lese frå eit av dei første møta: «Bøssa vart sendt, men den vart full og vi vart einige om å tømme den, og det var ikkje småtterier som var kome inn, i alt kr. 42,80 og det var på 4 møter. Og det tykte vi var fint.» Ja, «mange bekker små blir en stor å».

Etterkvart vart det fleire med i foreininga. I tillegg til dei faste foreningsmøta var det også ein fest med utlodning. Det vart då utlodda av handarbeidet som var laga i løpet av året.

 

Samlast trufast kvar månad

Kvinneforeninga «Den minste kvist» har fortsatt faste samlingar ein gang i månaden, der dei syng, har andakt og deler misjonstoff. Gåve til misjonen, kaffi og prat høyrer også med.

Dei som er med i foreininga no er: Rønnaug Altin, Åsa Wang, Anni Strøm og Gunhild Osen.