En kopp og en bibel på brygga

Smågruppe - noe for deg?

Det finst tusenvis av vitnemål om kor viktig det vesle gruppefellesskapet er og har vore for den enkelte sitt kristenliv

I tillegg til det store fellesskapet treng me også eit mindre fellesskap, der me kan snakka om det me høyrer og les, og me kan be for og med kvarandre.
I det siste har eg høyrt folk seia to ulike ting. Det eine er at «det vert færre og færre i foreininga vår». Det andre er at «eg spurde om han/ho ville vera med i foreininga, og fekk ja».
Kan det vera at me er for redde for å spørja nye om å vera med? Eller har me kome inn i eit spor som ikkje «passar» for dei som ikkje er heilt på «innsida»?
Ikkje alle foreiningar eller smågrupper er like. Og ja, det kan kosta å få med seg nye som kanskje ikkje er så kjende korkje på bedehuset eller i Bibelen. Men me må ikkje la det stoppa oss. Og ofte kan det vera lettare å seia ja til å møtast i ei mindre gruppe i ein heim.

   
Nedanfor finn du ei enkel brosjyre som me håpar kan vera til inspirasjon og refleksjon, anten du alt er med i ei gruppe (kan det vera at den treng nokre justeringar?), eller om du kunne tenkja deg å starta ei ny gruppe.

Last ned brosjyre