Kvinnehelg

Fin kvinnehelg på Hallarheim

21.-23. september var det kvinnehelg på Hallarheim leirsted i Nærøy. Damer frå fleire stader i Trøndelag møttes for å vera saman denne helga.

På programmet stod det bibel og misjonssamlinger, mat og prat. Eller rett og slett slappe av og ta ein prat med kjente og ukjente.

Besøk av tidligere misjonærer

Med som talere var Ingrid Næss som har bodd mesteparten av livet i Øst-Afrika. Ho starta helseklinikker og jobba trufast med bistand og kvinnearbeid i mange år. Anita Pedersen var også med, ho har tidligere vore misjonær i Kenya og Mongolia.

Laurdagsformiddag hadde Ingrid Næss bibeltime der bønna var i fokus. Vi fekk også høyre om fleire kvinner som fekk møte Jesus, mellom anna den samaritanske kvinna. Vi vart også minna om ingenting er umogeleg for Gud.

Utflukt til Arnøya

Etter at vi hadde ete lunsj, satte vi oss i bilane og køyrde til Arnøya, til heimen til Helene Moe. Der vart det kaffe, vafler, handarbeid og samtale. Ute var det regn og vind, men inne var det godt å vere.

Tida går fort i godt lag, det vart tid for å køyre tilbake til Hallarheim der laurdagspizzaen venta. Etter vi hadde ete oss gode og mette var det tid for misjonskveld. Vi vart minna om kor stort og viktig det er misjonsarbeidet vi får vera med på. Etter ein flott misjonskveld vart det kaffe og kaker og spørsmålskonkurranse.

Kvinnehelga vart avslutta med ein nydeleg middag som vi fekk levert frå Val vg.skole. Takk for ei fin helg, og velkommen tilbake i 2019.