Gro Bjørndal

Fellesskapskonsulent

Frå januar 2018 startar Gro Bjørndal som fellesskapskonsulent i regionen

Frå januar 2018 startar Gro Bjørndal som fellesskapskonsulent i regionen. I arbeidet skal ho vere med og oppmuntra til å byggja ut og starta nye fellesskap, store eller små.

«Nokre stader kan det vere snakk om å starte smågrupper, medan det andre stader kanskje er tid for å formalisere arbeidet som vert gjord. Alt arbeid må fornyast innimellom, elles døyr det ut, og det er alltid viktig å tenkja på korleis me kan få med oss nye på vegen.»

Gro fortel at ho gler seg til å bli kjend med regionen og trekk samstundes fram at det å skulle tenkje nytt kan vere spanande.

«For nokre vil det vere inspirerande, for andre kan det kanskje verke litt unødvendig, eller til og med skremmande. Men eg håpar me kan få til eit godt teamarbeid mellom regionen og lokale krefter, der me heier kvarandre fram, inspirerer og hjelper kvarandre mot eit felles mål; at fleire må læra Jesus å kjenna», seier Gro.

Dei siste fem og eit halvt åra har Gro arbeidd som misjonær i Bolivia.