SETELA

Nytt studieløp på SETELA

Setela er inne i ein spanande prosess. Til no har det vore tre-åring teologiløp og eitt-årig bibelskule. Frå mars av blir dette endra!

Det vil frå neste semester av berre vere eitt kull på SETELA. Det vil likevel vere to studieløp som går saman. Ein kan då anten studere eitt år, noko som vil tilsvare kristendom grunnfag eller så kan ein gå i fem år og få det som tilsvarer ein bachelor i teologi.

 

Fem-årig løp

SETELA ynskjer framleis å utruste pastorar til teneste i kyrkjene i Bolivia og Peru. Dei som vel å studere i fem år kan difor velge den pastorale-linja der det vil vere eit ekstra fokus på å gje dei dei reiskapane dei treng for å leie kyrkjene i åra framover. Innanfor det fem-årige løpet vil det òg vere mogleg å velge rein teologi. Der vil det vere meir fokus på kunnskap og mindre fokus på det praktiske.

 

Eitt-årig løp

Sjølv om bibelskulen blir lagt ned betyr ikkje dette at den forsvinn heilt. Håpet er å klare å overføre litt av det som har vore på bibelskulen til det nye løpet. Til dømes vil det då vere fokus på deira personlege relasjon med Gud samt sosiale ting for å bli betre kjende og skape eit godt miljø. Håpet for dei som berre tek eitt år er å kunne utruste deira til livet med Jesus og at dei kan få bidra inn i kyrkjene sine.

 

Prosess

Setela er no inne i ein prosess om å bli Escuela Superior. Dersom søknaden blir godkjent vil det gjere at studentane kan få ein grad og tittel som er godkjent av den peruanske mydigheita. Ver gjerne me og be om at søknaden må gå i orden.

 

 

Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter

Misjonær