Marianne Thormodsæter og peruansk ungdom fra SETELA

Endeleg i gang!

Dei vil bli utrusta, betre kjende med Gud og finne ut kva Gud vil med liva deira. Endeleg er eit nytt skuleår i gang på SETELA i Peru.

Kva skjer når ein plasserer ungdom frå Boliva, Peru, Ecuador og Colombia i same hus? Det blir det spanande å sjå dette året. For akkurat no er semesteret for fullt i gang på SETELA (den teologiske institusjonen til NLM i Arequipa, Peru)

 

Elevar frå ulike lutherske kyrkjer

Teologikullet er no inne i sitt tredje og siste år på SETELA. Bibelskulekullet har akkurat byrja og skal vere her hos oss i eitt år. I år har me 9 elevar på bibelskulen og me gleder oss til å sjå korleis året blir.


Frå våre eigne lutherske kyrkjer i Peru og Bolivia er det berre to elevar på bibelskulen. Resten er frå andre lutherske kyrkjer. Sjølv om me skulle ønska at me hadde fleire elevar frå eigne kyrkjer, er det kjekt å sjå at dei andre lutherske kyrkjene gjerne sender ungdommane sine til oss.

 

Samansveisingstur

Førre veke var me på «samansveisingstur» til kysten med teologi- og bibelskulen. Her var det fokus på å bli kjende, utflukter og masse leik. Underteikna syns sjølvsagt det er litt seint å skulle byrje å leike kl. 21. Men det syns som regel ikkje sør-amerikansk ungdom. Leik er alltid gøy.

 

Forventningar

Når me spør dei om kvifor dei er her på bibelskulen, så svarer dei at dei er her for å bli utrusta, for å bli betre kjende med Gud og for å finne ut kva Gud vil med liva deira.

 

Det er oppmuntrande for oss som lærarar at dei er her fordi dei har lyst til å bli betre kjende med Gud. At me skal få lov til å gå saman med dei i ni månadar.

 

Gler seg til oppstart av undervisninga

Sjølv om dei hadde det kjekt på tur, så sa dei gjentatte gangar at dei ville at undervisninga skulle byrje.

Så får me håpe og be om at dei er like gira på dette kvar morgon når vekkerklokka ringer og det er morgonadakt kl. 07:30.

Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter

Misjonær