Skole

Den som ventar på noko godt ...

Ventar ikkje forgjeve, eller var det “ventar som regel litt for lenge”?

Den eldste skulen misjonen har vore med å stifta fyller i år 28 år. Forrige veke fekk eg for fyrste gong snakka med lærarar og rektor på "Siervos de Dios", skulen i Crucero. Dei sa at dei i alle desse åra har arbeida utan å ha ein læreplan og material i kristendomsfaget. Det kan ha ulike forklaringar. Av og til tilbyr ein hjelp utan at det blir teke imot. Andre gonger er det prioriteringane som avgjer. Men no har altså kyrkja i Peru, IEL-P, etterlyst dette på dei 3 skulane våre. Ein plan som sikrar innhald i faget og eit material kvar skule MÅ bruke. Per dags dato underviser mange det dei vil.

Ein er no i gong med å skrive læreplanen, samt vurdere akutelt materiell for skulane våre. Sjølv om ting ikkje går så fort som ein alltid skulle ønske, er me iallefall i gang, med det som i framtida kan sikre kristendomsundervisininga, og på den måten sikre at alle elevane får bli kjent med Jesus, verdas freslar i løpet av dei 11 åra dei er på skulen.

 

Ingebjørg Martinussen

Misjonær