Kirkekaffe i Corona-tider

Når avstand fører saman

Den 16.mars erklærte presidenten i Peru unntakstilstand med sosial isolasjon, noko som førte til tvangskarantene for alle. Det gjorde at me på Sør-Amerika feltet måtte finne alternative måtar å vere sosial på.

Det gjekk ikkje lang tid før det vart oppretta ei koordineringsgruppe, for å finne ut korleis me kunne bruke tid ilag, til tross for sosial isolasjon. For nokre av oss, buande åleine, var det ekstra viktig å få «treffe» folk. Midt i alt, var også påska rett rundt hjørnet. Kva skulle me finne på?

 

Yatzy!

Det vart fort populært med Yatzy, rettare sagt MaxiYatzy. Nokre hadde ein app med terningar og andre hadde vanlege terningar. Det blei jobba hardt for å prøve å oppnå Yatzy, men sjølv med mange «ekstra kast» og heftige strategiar var det ikkje alle som klarte det. Spelinga vart så populær at me køyrde turnering, der SR sjølv stakk av med sigeren. Misjonærar frå rundt om Peru, Bolivia og regionleiar for Sør-Amerika som sit i Noreg var med. (Om fleire vil vere med, er me sjølvsagt eit svært inkluderande fellesskap, og vil ha alle med! Let us know!)

 

Påskesamlingar på Teams

Under påskeveka prøvde me ut barneopplegg med misjonær Toril Espegren i spissen. Der gjekk me gjennom dei ulike påskedagane. Det tekniske hjelper oss til å heile vegen lære noko nytt og det gjev òg flotte mogleikar til å vere saman. Det var fint at barna fekk treffast og ha fellesskap på denne måten, heilt frå nord i Chiclayo til sør i Tacna.

På skjærtorsdag hadde vi også nattverdsmøte med song og vitnesbyrd, samt ord for kvelden av regionleiar for Sør-Amerika, Kjell Jaren. For han vart det verkeleg eit NATT-verdsmøte, og det vart ein fin stund for oss alle. Langfredag hadde me lesing av Jesu liding og død. Påskeafta letta vi stemninga med quiz på kvelden. Der fekk ein brynt seg på litt av kvart, og nordmenna måtte til slutt gje tapt for svensk siger.

Elles kan me varmt anbefale alle å ha kyrkjekaffi ilag etter å ha sett gudstenestene som NLM legg ut. Me har sendt ut oppskrift på både banankake og vannbakkels til misjonærfellesskapet, alle har baka det same, og så har me hatt kaffidrøs på «Teams» etter møtet.

 

Vi takkar Gud for sosiale medium

Ja, det er tøft å bli sett i sosial isolasjon. Men for fyrste gong kan ein likevel kjenne på eit stort fellesskap, mellom misjonærar frå nord-Peru, sør-Peru, til Bolivia og heilt til Noreg. Avstanden har ført oss saman! Me syns sjølv me har vore kreative, og sitt no å planlegg vidare program for å kunne vere saman, til tross avstand. Vi bryt ned sosial isolasjon med «Teams» og takkar Gud for sosiale medium i ei slik tid.

Avstand fører saman
Avstand fører saman:Takka vere Teams og andre sosiale medium har vi fått vere saman sjølv om det har vore portforbod. Marianne T. Lindtjørn

Ingebjørg Martinussen

Misjonær