Megumi Takahashi fra Japan

Eg elskar å leike med barn

Megumi Takahashi (31) møtte kallet gjennom samme orda som Jesaja høyrde: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Ho svarte «Eg! Send meg!». I april i fjor byrja ho som evangelist i Arashima kyrkje.

I andre etasje i kyrkja er det arbeidarbustad.  Her har ho no budd og arbeidd i eit år. Megumi er ei blid og munter ung dame, og latteren sit laust.

Forstod ikkje dette med Jesus

- Korleis og når vart du ein kristen?

- Eg var med mor i kyrkja frå eg var liten. Då eg var ti år, vart eg døypt. I ettertid har eg prøvd å hugse kvifor eg ville bli døypt, men eg kan ikkje hugse det. På den tida syntest eg ikkje det var kjekt i kyrkja, og ingen av vennene mine var kristne. Eg forstod heller ikkje det som vart forkynt frå Bibelen, men likevel sa eg at eg ville bli døypt. Det var kanskje helst eit ønskje om å bli godtatt blant dei vaksne og få vere med på nattverden. Men eg forstod ikkje dette med Jesus, innrømmer Megumi.

Det skulle gå nærare ti år før det gjekk opp for henne kva Jesus betyr.

 - Etterkvart slutta eg å vere med mor i kyrkja. Likevel tenkte eg på kva som er meininga med livet, og eg hadde ein periode der livet vart tungt og vanskeleg. Då spurde mor meg igjen om å vere med i kyrkja. Der høyrde eg om Jesus som døydde på korset fordi han elska meg, og eg forstod plutseleg at dette her er meininga med livet! Eg vart så glad fordi Jesus elska meg så høgt at han ga livet sitt for meg. Eg fekk møte Jesus på nytt og bestemte meg for å følgje Jesus igjen. Då var eg tjue år.

 

Kall til teneste

- Og ti år etterpå vart du evangelist i Arashima! Korleis opplevde du kallet til teneste?

- Etter å ha byrja å gå i kyrkja igjen opplevde eg ei stor glede over Jesu kjærleik, så eg fekk lyst til å tene han. Kyrkja eg gjekk i, hadde eit stort arbeid for barn, og der fekk eg vere med og hjelpe til. Eg gledde meg over å kunne fortelje om Jesus til barna. Sjølvsagt var det også utfordrande når dei ikkje sat i ro og høyrde på, men likevel var eg veldig glad over å få kunne formidle Jesus til dei, prate med dei og be ilag med dei, seier Megumi engasjert.

Det merkast på henne at dette er noko ho brenn for, noko som verkeleg betyr noko for henne. Og det var gjennom arbeidet med barna at ho fekk trang til å bli betre kjend med Jesus og lære meir om å formidle Guds ord.

- Då eg var omtrent 25 år og kallet hadde byrja å bli tydelegare, møtte eg ein dag ordet frå Jesaja 6: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Eg hadde alltid tenkt at eg ikkje passa til fulltidsteneste, eg som sjølv hadde halde trua skjult. Likevel hadde eg ein vag tanke om at eg skulle drive med misjon. Eg hadde lyst til å fortelje om Jesus. Det førte meg til bibelskulen i Kobe. På den tida tenkte eg ikkje at eg skulle bli arbeidar i VJELK. Det overlet eg til leiinga i kyrkja. Men eg hadde iallfall ikkje førestilt meg at eg skulle bli overlatt alt arbeidet i denne kyrkja! Eg har ein ansvarleg pastor i nabobyen, men likevel er det eit stort ansvar, så eg tenkte: «Går dette bra?» Men eg hadde heile tida bedt om Guds leiing og Guds vilje, så eg får tru det er her eg skal vere.

- No er det gått eit år sidan du kom hit til Arashima. Korleis er det å bu åleine i kyrkja?

- Det er veldig komfortabelt, men samtidig er det vanskeleg å skilje mellom privatliv og arbeid.  På den andre sida er det også praktisk og gir fridom til å vere fleksibel.

 

Takksam!

- Når du ser tilbake på dette året, korleis har det vore?

Megumi ler, som ho ofte gjer, og tenkjer tilbake:

- Alt eg har gjort, har vore for første gong. Eg har vore nervøs og uroleg, men når eg tenkjer tilbake og ser at eg har kome gjennom alt eg var bekymra for, ser eg at Gud er her. Og både pastor Matsumura, misjonær Inger og kyrkjemedlemene er her, så eg har ikkje vore åleine. Eg ser at Gud har lagt alt til rette for at eg skulle kunne arbeide her. Det er eg veldig takksam for!

Det har faktisk vore eit veldig kjekt år! Spesielt fellesskapet med folk i kyrkja er godt, og eg er også glad for å få forkynne Guds ord. Eg synest framleis det er svært vanskeleg å førebu ein tale. Det er alltid ein kamp. Dette året har vore tøft, men samtidig er eg lukkeleg dersom eg kan vere til nytte.

-Kva vil du seie er spesielt med denne kyrkja?

- Det er veldig heimekoseleg og ein varm atmosfære her. Vi er ein liten flokk, og kanskje nettopp difor er vi som ein familie. Når det kjem nye til kyrkja, er det alltid fleire som tek imot dei og pratar med dei. Kven som helst er ønska velkommen her.

Eit anna kjenneteikn på Arashima kyrkjelyd må vere songen, meiner Megumi.

- Folk som kjem for første gong, er overraska over songgleda i den vesle flokken!

 

Hosanna Kids

- Kva er det kjekkaste du har fått vere med på dette året?

Ho treng ikkje lang tid til å tenkje seg om, og bryt ut i eit stort smil:

- Det kjekkaste? At vi har fått starta opp med barnemøte!! Heilt sidan eg byrja å jobbe her i april i fjor, har eg tenkt at eg ville starte opp noko for barna, men eg følte eg ikkje hadde kapasitet til det. Difor er eg veldig glad for at eg både har fått medhjelparar og at borna kjem!

Barneklubben har ho gitt namnet «Hosanna Kids». Det merkast godt at ho ivrar for dette arbeidet og at ho storkosar seg ilag med borna.

- Eg hugsar sjølv då eg var barn og ungdom at det kunne vere vanskeleg å vere ein kristen, så eg vil gjerne hjelpe dei som veks opp i dag. Eg veit at barn og unge kan ha mykje å streve med og at dei difor har bruk for Jesus. Så eg ønskjer å vise dei vegen til han.

 

Gi det vidare!

- Kva visjon har du for kyrkja eller for deg personleg?

- Eg ønskjer, meg sjølv inkludert, at vi er ei kyrkje som gir trua vidare til neste generasjon. Sjølvsagt gjer vi det allereie, men eg drøymer om at vi kan bli endå betre på det. Dette er også mottoet for kyrkja dette året, som vi har henta frå 5. Mosebok 4,10:

«Kall folket saman for meg! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å frykta meg så lenge dei lever i landet, og læra borna sine det same.»

Guds ord blir allereie forkynt for dei som er i kyrkja, både for vaksne og barn, men ifølgje dette ordet skal vi også lære dei å gi det vidare til neste generasjon. Så eg ønskjer også at dei borna som kjem, blir i stand til å fortelje det vidare. Eg ønskjer vi kunne få eit meir brennande ønskje om at Guds ord, denne skatten vi har i trua, kunne bli tatt vare på for framtida og formidla også vidare ut i bygda her, både til barn og vaksne. Eg drøymer om at den varme atmosfæren som pregar kyrkja her, kan bli tatt vare på. Der er så mange som har det vondt på ulike måtar, så eg skulle ønskje vi kunne vere ei inkluderande forsamling for dei.

 

- Vi treng misjonærar framleis!

- I år er det 70 år sidan NLM starta arbeid i Japan, og det er 57 år sidan Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje vart grunnlagt. I år blir også Arashima kyrkje 55 år. Mange meiner at det ikkje lenger er bruk for misjonærar. Kva tenkjer du om det?

- Ja, dette var også nemnt på årsmøtet i VJELK. Eg meiner at misjonærane framleis er nødvendige her. Eg lærer mange ting av misjonærar som eg har kontakt med. Sjølvsagt lærte eg mykje teologi og grunnlaget for trua på bibelskulen, men i møte med misjonærar lærer eg andre ting. Eg ser ting på ein ny måte og får ofte «aha-opplevingar», til dømes når dei fortel om misjonsarbeidet i Norge. Sjølvsagt er misjonærane i ein annan situasjon sidan dei har kome utanfrå, men samtidig er vi alle Guds barn og kan be ilag og dele Guds nåde med kvarandre. Det trur eg er veldig viktig. Vi er her i Japan, men misjonærane hjelper oss å vende blikket utover i verda og minner oss om å gå vidare med evangeliet. Eg er veldig rørt over misjonærar som har kome heilt ifrå Norge og har gitt avkall på eit vanleg liv der. Vi blir inspirerte av den gløden som mange misjonærar viser. Slik har eg sjølv opplevd det, så eg meiner at vi framleis treng misjonærar. Så ver så snill og kom! Og bli verande!

 

Elskar bilkøyring og leik!

- Til slutt: Du jobbar vel ikkje heile tida. Kva liker du å gjere på fritida, når du skal slappe av?

Ho nøler litt.

- Fritid?! Slappe av??... Eg liker ikkje å vere i ro. Det er keisamt. Eg liker helst å vere i aktivitet. Eg får ny energi ved å ta meg ein lang biltur. Nokre gonger besøkjer eg foreldra mine, eller eg møter med venner og skravlar. Elles liker eg å bevege meg og drive litt med sport. Og så elskar eg å leike med barn! Det gir meg ny energi, avsluttar Megumi.

Eg som har sett henne leike med borna på Hosanna Kids med liv og lyst, trur henne så gjerne.

Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Misjonær