Topp 3

Topp 3 i Velledalen

Velkommen til tre flotte toppturar i hjarte av Sunnmørsalpane.

Topp 3 vart arrangert for første gang i 2014 og har hatt base på Rjånes Ungdomssenter. Leiren er no flytta over Hjørundfjorden og vi prøver oss i år på leirstaden Tindetun i Velledalen.

I år blir det Kåre Johan Lid som talar på samlingane. Aleksander Berget og Johannes Volle som har gått dei fleste toppane i område vert med som turleiarar

 

Turane

Straumshornet (976 moh)
Vi satsar på ein skikkelig fin solnedgangstur på denne karakteristiske og flotte toppen i Sykkylven.

Gullmorhornet (1333 moh) - Vellesæterhornet (1511 moh)
To flotte toppar og kvass eggvandring ventar oss på denne fantastiske turen.

Urfjellet (1267 moh)
Vi avsluttar toppturhelga på ein skikkelig panoramatopp – en perfekt søndagstur for litt slitne bein.

 

Her kan du laste ned programmet for leiren.

 

Velkommen til ei helg for kropp og sjel.

Tidspunkt

Fredag 30. august - søndag 1. september 2019

Adresse

Tindetun leirsted 6220 Straumgjerde