perspektiv

Guds perspektiv

«Mamma, Gud er på taket. Han er inni fiskane. Han er i Mongolia..» Dette er godt å bli minna om, frå barnemunn.

Tenk – eg får høyre Den store Gud til. Likevel tenkjer eg lett, at det eg balar med er for lite og uvesentleg for Gud. 

Liten 

Min menneskelege målestokk forstår ikkje Gud. Men Gud ser heile bilete, og har oversyn over alt og alle. Frå Guds perspektiv kan sorg vendast til glede; den siste bli den fyrste; den syndige bli tilgjeven; den fattige bli rik; den blinde få sjå og den ringakta bli krona med ære. Det å hjelpe ein som ligg i grøfta kan vere større enn å helse på kongen.  

 

Viktig

Mi vesle livsforteljing er viktig fordi den er fletta inn i Gud si store forteljing. «Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg (Gal 2,19-20).  

Det er godt å få leve for Han som har omsut for meg på alle vis. Ein dag skal eg fullt ut forstå og sjå

 

Frå Bibelen: Salme 139,1–18