> NLM / Regioner / Region Vest / Nyheter / Ny ungleder i Region Vest



Ny ungleder i Region Vest

Marta Sortland Leodo er tilsett som Leiar NLM Ung Region Vest.

Marta kjem frå Lindås i Nordhordland, og har vore med i barnelag på heimplassen og leir i Sætervika gjennom heile oppveksten. Ho har gått på Framnes Kristne Vidaregåande Skule og studert og jobba to år i Frankrike, der ho òg møtte sin kjære Likouta.

BUR i Bergen krins

Marta har elles studert Økonomi og administrasjon ved BI i Bergen. Ho har òg vore med i Barne- og ungdomsnemnda i tidlegare Bergen krins og i Barne- og ungdomsrådet i Region Vest, der ho òg var leiar. Marta snakkar flytande både engelsk og fransk!

– Spandande oppdrag

Eg er svært takksam for at Marta ville søke på stillinga som leiar NLM Ung, og eg trur at ho kan trivast godt i denne stillinga. Det er eit variert og spanande oppdrag ho har teke på seg, mange spanande folk å bli kjent med, og mange bygder, tettstader, bydelar og institusjonar å besøke.

Forbøn og omtanke

Marta treng mykje forbøn og omtanke. Eg håpar og trur de vil ta like godt imot Marta som de gjorde med meg! Lykke til, Marta, og må Gud velsigne deg!


Dagens bibelsitat

Sal 41:4 Herren skal støtte ham på sykesengen. Du forvandler hele hans leie under hans sykdom.

Sitat på SMS

Meld deg på

Del