> NLM / Regioner / Region Sørvest / Nyheter / Tre kvart million til Tanzania frå...
<>
Elevane ved Tryggheim vidaregåande skule har i dette skuleåret samla inn 755 870 kr. På avslutningsfesten fekk dei høyra om Guds plan for kvart einskilt menneske.
På bildet: Hovedstyremedlem Thor Fremmegård mottar gavesjekken fra russeformann Kathrine Kristensen, russens økonomiansvarlige Beate Håland og elevrådsformann Tor Erlend Øvreås.
Pengane elevane har samla inn, går blant anna til flybensin. For mange menneske i Tanzania er både kyrkjer og helsetilbod langt borte. Haydom sjukehus og Mission Aviation Fellowship flyg inn helseteam til slike stader. Born og gravide kvinner vert undersøkte og får medisinar. Om kvelden bed dei innflogne inn til møte, og ein evangelist eller misjonær fortel om han som ikkje berre kan gjera kroppen frisk ei lita stund, men som har teke bort alt som stengjer oss frå Skaparen, og som kan gje evig liv utan fattigdom og urett, utan sjukdom eller død.
Det var avslutningsfest ved Tryggheim vidaregåande skule fredag 15. juni. Hit kom bunadskledde jenter og oppdressa gutar med stolte foreldre til ei markering av at denne bolken av livet er over – ein slutt på det som har vore og samtidig ein start på det som skal koma. På festen overleverte representantar for elevane ein sjekk som viste summen dei hadde fått inn.
Tryggheim-veteran Svein Kåre Håland trer inn i pensjonistenes rekker etter 29 års tjeneste ved skolen
Hovudstyremedlem Thor Fremmegård tok imot pengane på vegner av Norsk Luthersk Misjonssamband.
«I Guds plan» var overskrifta over festen i år. Rektor Gjermund Viste minte om Fork 12,1: «Tenk på din skapar i ungdoms år» og Salm 2,12: «Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.» Gud har ein plan for oss alle, ikkje berre for prestar, forkynnarar og misjonærar, kvart ærleg yrke er eit kall, for gjennom arbeidet tener me medmenneska våre.
Festtalaren i år var Sølve Salte, ein prestelærd bonde frå «Podlest». «Å vera ein kristen er ikkje berre å sitja fint på stolen og ha dei rette meiningane, slik eg trudde då eg var, ung, Gud har ein plan med ditt liv, han ser deg,» understreka han. Sentrum i denne planen er alltid Jesus Kristus. Denne planen har to ledd:
- Gud har ein plan til frelse. Han vil berga deg og gje deg eit evig liv. Han leitar etter deg slik engstelege foreldre leitar etter born som har kome bort.
- Gud har ein plan for «vandringa», for korleis du skal leva livet ditt. Han har planlagd kva du skal gjera. Planen er ulike for kvar einskild, men dette er likt: Du skal følgja Jesus og gå gjennom livet saman med han. Då vert livet ditt òg til glede og gagn for andre. Når ei elv kjem fløymande inn i ørkenen, skaper ho liv. Jesus seier: «Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» (Joh 7,38)