> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Bibel, leik og fellesskap



Bibel, leik og fellesskap

Etter å ha vore på gudsteneste i kyrkjene sine 25. mars, reiste mange ungdommar til Ieshima, ei lita øy utanfor Himeji by, for å bli med på leir.

Leiren var for alle frå 12 år og opp til dei som går på universitet/ høgskule. På tross av den store aldersforskjellen trur eg at alle som kom hadde det veldig kjekt! Det var ein fin blanding av kristne-, ikkje-kristne-, nye- og «gamle» deltakarar. Fleire av dei som var der for første gong, både kristne og ikkje-kristne, vil gjerne komme neste år.

Din plass

I løpet av leiren var det fire bibeltimer med temaet «Din plass» og med utgangspunkt i verset frå 1. Peter 2,25: «De var som sauer som hadde gått seg vill, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.» Samlingane starta med ein leik, for eksempel fekk dei mange lappar med eit ord på kvar lapp som skulle settast saman til eit Bibelvers fortast mulig. Deretter følgde bønn, lovsong og tale.

Heile flokken med ungdommar og leiarar på leir i vårferien. Foto: JongWoo Park

Alle deltakarane vart inndelt i grupper etter alder og kjønn som gjaldt for heile leiren. Sjølv fekk eg hjelpe til som leiar for ei jentegruppe i ungdomsskulealder. Etter kvart Bibelstudie samla gruppene seg og sette seg rundt forbi. Her vart deltakarane utfordra til å be, to i lag kvar gong, og dei fekk diskutere, dele og spørje om ting som var aktuelle for dei. Begge morgonane samlast gruppene seg også, før frukost, for å be og lese i Bibelen i lag.

Stjernehimmel og sjølvlysande plankton

Det var fleire aktivitetar på programmet. Søndagskvelden gjekk me på nattur til ein av «toppane» på øya, og me var heldige med vêret og fekk sjå ein nydeleg stjernehimmel. På måndagen var det planlagt padling, men det vart avlyst på grunn av mykje vind. Eit av dagens høgdepunkt var orientering, som er ganske likt sporleik, men med kart i staden for rebusar. På kvar post stod ein person klar med spørsmål, og gjetta ein rett, fekk gruppa sjølv velje ingrediensar til middagen, viss ikkje fekk ein noko tilfeldig. Rett etter orienteringa stod «nabe-party» for tur, middagen var altså ei slags suppe av forskjellige grønsaker og kjøt. Måndagskveld var me igjen ute i mørket, denne gongen ute på brygga for å sjå sjølvlysande plankton, veldig vakkert! Elles var det landhockey, leikar og uteaktivitetar.

Ein skikkelig flott leir!

Ver gjerne med å be for desse deltakarane, både dei som møtte Jesus for første gong og dei som allereie har tatt imot Han som sin frelsar.

 

Biletet øverst: Ei jentegruppe med Olga til venstre. Ståande bak er Maki Ikegami, som reiser til Hong Kong som misjonær 1. juni.

Foto:JongWoo Park


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

+81 78-221-8366

+81 90-7889-1802

Today's Quote

1Joh 3:16 På dette har vi lært kjærligheten å kjenne at han satte livet til for oss. Også vi skylder å sette livet til for brødrene.

Quote by SMS

Subscribe

Share